10.02.2019

Ledig stilling som nestleiar i Rufo

Med auka etterspurnad og satsing mot nye marknader, søker vi ein driftig og engasjert nestleiar i 100% stilling.


[Oppdatert 14.05.2019]: Denne stillingen er nå besatt. 


Med auka etterspurnad og satsing mot nye marknader, søker vi ein driftig og engasjert nestleiar i 100% stilling. Vedkommande skal primært avlaste mange av dei administrative oppgåvene som dagleg leiar har i dag, med hovudfokus på økonomi og oppgåver knytt til salg og aktuelle prosjekt. Stillinga vil medføre personalansvar og rapportering skjer til dagleg leiar. Rufo er ein del av eit konsern, så stillinga vil òg omfatte liknande oppgåver i mor- og søsterselskap.

 


 

Rufo AS er Noregs leiande firma innan skreddarsydde transportkasser til profesjonelle aktørar. Vi skal være fremst på innovasjon med kundens behov i fokus. Rufo har jobba med digitalisering og effektiv produksjon sidan 2013, med stort fokus på Lean (A-Å), og er første aktør i bransjen som tek i bruk robotar i produksjonen. Vår historie går tilbake til 1983, og vi har eit kreativt og svært engasjert mannskap med 18 tilsette. I 2018 omsette Rufo for 24 millionar kroner.


Sentrale arbeidsoppgåver: 
Administrasjonsleiar 
Personal- og resultatansvar 
Salsarbeid mot nye marknader 
Forhandlingsansvarleg overfor leverandørar 
Etablere og vidareføre relevant nettverk 


Ønska kompetanse: 
Solid økonomiforståing 
Relevant erfaring med personalansvar 
Erfaring frå administrasjon, sal og prosjektleiing 
Evne til å gjennomføre endringar og utbetringar 
Gjerne ha erfaring frå fleire ulike bransjar 
God framstillingsevne munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk 
Må kunne handtere ulike datasystem 


Personlege egenskapar: 
Resultatorientert og god til å bygge tillitsbaserte relasjonar 
Utadvendt med gode sosiale antenner 
Pådrivar med stort engasjement Bekvem i rolla som leiar 
Forretningsorientert og kommersiell tilnærmingsmåte 
Høg arbeidskapasitet og god til å prioritere


Vi tilbyr: 
Eit trivelig arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar 
Konkurransedyktige betingelsar 
Solid fagleg miljø og gode kollegaar 
Ei sentral rolle i den vidare utviklinga av selskapet 
For den rette til stillinga kan det verte aktuelt å kunne overta som dagleg leiar på sikt


Har du pågangsmot, engasjement og entusiasme for vår bransje, så kan du sende oss ein søknad. Legg ved CV og minimum tre referanser. 


For ytterligare informasjon, ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Knut Steinnes.  Alle henvendelsar behandlast konfidensielt. Søknadar behandlast fortløpande.

Link til annonsa på finn.no (søknadsskjema) https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=139951238