27.09.2023

Møt Linda, vår nye administrasjonsleiar!

Linda Karin Eidem var ikkje i tvil då ho vart oppringt med tilbod om jobb på Rufo.



Ho byrja i jobben som Administrasjonsleiar hjå Rufo AS den 1. september, med ein intensjon om å etablere eit effektivt team og oppretthalde god orden i selskapets administrative oppgåver.


Linda vaks opp i Sykkylven og har arbeidserfaring frå møbelindustrien og hjå Norges største lakseoppdrettar, Mowi ASA.


- Eg vart kontakta av Knut Steinnes med tilbod om ei stilling innan administrasjonsleiing og økonomi ved Rufo, sidan den som tidlegare hadde denne stillinga skulle gå av med pensjon. Eg var ikkje i tvil om at dette var rett veg vidare. «Så eg har gått frå fisk til finèr», seier ho og ler.

 

Til fjord og fjell i Ørsta

  

Linda har utdanning i Kvalitetsleiing innan sjømatproduksjon og lang erfaring innan administrasjon i oppdrettsnæringa. Ho har vore ein verdifull medarbeidar ved Mowi sitt slakteri på Eggesbønes i heile 16 år. I løpet av denne tida har ho utført ulike roller rundt om på fabrikken, men hennar lengste og mest betydningsfulle stilling var som Administrasjonsassistent og Kvalitetskoordinator. I denne rollen støtta ho aktivt kvalitetsarbeidet og kvalitetsleiinga.

 

Linda sine ansvarsområder inkluderte viktige oppgåver som eksterne revisjonar, leverandørrevisjonar og revisjonar frå myndigheiter som Mattilsynet og Arbeidstilsynet. I tillegg til dette handterte ho ei rekke personaloppgåver og enkelte økonomioppgåver. Ho var også hovudverneombud på fabrikken i heile 10 år, hadde det administrative ansvaret for industrivernet og ansvaret for HMS-arbeidet generelt. Denne rolla trivdes ho godt med, sidan ho har ei genuin interesse for administrative arbeidsoppgåver.

 

Med si omfattande erfaring og dedikasjon er Linda ei verdifull tilføying til vårt team, og vi ser fram til å dra nytte av hennar kompetanse og engasjement.

 

Ho følte behovet for å vere nærare fjord og fjell, og etter at ho mottok jobbtilbodet frå Rufo, sa ho opp si tidlegare stilling, kjøpte leilegheit og flytta med hunden Bamse til Ørsta for å starte sitt nye liv den 1. september 2023. Linda er musikar og er vokalist og frontfigur i bluesrock-bandet EIDEM, coverbandet ToLK og står bak countryprosjektet Linnie Joe.


- Det var viktig for meg å flytte nær musikkmiljøet eg er ein del av, fortel ho.


Små gleder i arbeidsdagen

 

Linda har fleire års erfaring i administrative roller. Ho har det siste året tatt etterutdanning innan økonomi og rekneskap i Ålesund. Ei utdanning ho synest er spennande og interessant.


- Eg likar administrativt arbeid og ønskjer å legge til rette for at alle kan utføre sine oppgåver enklare og meir effektivt. Eg har som mål å bygge eit sterkt team og skape glede i kvardagen.


- Å bli kjend med ei bedrift, gjerast best med å observere korleis dei ansatte jobbar. Observere produksjon, intervjue dei tilsette, finne ut kva utfordringar og mogeligheiter man står overfor - rett og slett få vere ilag med dei som er i produksjonen. Det er der kunnskap og erfaring ligg.


- Eg håpar å kunne bidra til orden, system og teambygging. Rufo har allereie eit flott arbeidsmiljø, og eg ønskjer å vidareutvikle dette.


Personleg engasjement

 

Linda la raskt merke til den gode kulturen ved Rufo, samhaldet og samarbeidet.

 

- Eg planlegg arbeidsoppgåver basert på samarbeid og er villig til å ta i eit tak der det trengs. Dette stemmer godt med kulturen hos Rufo.

 

- Kunsten er å ha like stort fokus på person som produksjon, klarer man dette, vil man prestere betre og heve kvaliteten i fleire ledd.

 

- På eit personleg plan, likar eg å overraske. Så eg har ein plan for 2024!